Miljødirektoratet

Publisert av Geir Tverlid Espeland den 24.06.24. Oppdatert 02.07.24.

Det er ikke kommet pålegg om å stanse fisket i Storelva.  En generell begrunnelse fra direktoratet er at elver med sen oppgang av laks kan bli vurdert senere, for eksempel i forbindelse med midtsesong-evaluering. ASL er er bedt om å følge nøye med bestanden, og innføre tiltak om nødvendig. Les mer om reglene som er innført fra Miljødirektoratet her.

Det er ikke lov å fiske laks i sjøen.  Se §2 i reglene her

Det er heller ikke lov å dorge i Arnavågen.  Se notat nedenfor fra statsforvalter. Til info så er "Munningsfredningssoner" Arna området fra skilt på Holmen til elvemunning.

 

--------- Notat fra Statsforvalter ----------

Hei,

 Her er litt informasjon eg har fått frå Miljødirektoratet per no:

 Midtveisevaluering: det vil bli gjort ei ny vurdering av alt fiske (inkl. fiske i både dei elvane som no er opne, og dei som er stengt for fiske i elv og sjø i Nordland, Troms og Finnmark) i samband med den ordinære midtveisevalueringa i starten av juli.

Lokal forvaltning har eit viktig ansvar for at gytebestandsmåla vert nådd, og den lokale forvaltninga bør vurdere å innføre tiltak for å redusere fisket. Dersom forvaltningsmålet for ein bestand ikkje nås, vil Miljødirektoratet måtte vurdere å redusere fisket ved å korte ned fisketid eller ikkje opne for fiske. Ny hovudregulering av fisket får oppstart hausten 2025. Dersom de har særleg informasjon (særlege lokale forhald som vassføring eller liknande om vassdraga og fisket), kan de sende det til Miljødirektoratet sitt postmottak: post@miljodir.no. Sett meg gjerne på kopi slik at eg og er informert, prøver å samle all informasjon de sender om fisket.

 Regional stenging: Miljødirektoratet har og gjort oss merksam på at Statsforvaltaren kan stanse fiske i vassdrag, der vi meiner det er naudsynt etter lakse- og innlandsfiskelova i § 11 andre ledd (men eg kjenner ikkje til at dette har vore praktisert, og det har berre vore formidla til meg at det er lokal forvaltning og Miljødirektoratet som stenger vassdrag tidlegare. De som har fått beskjed frå meg om dette tidlegare- beklagar det er den informasjonen eg har fått før). Dersom det skulle vere aktuelt vert det dialog på det, men det er ikkje gjort nokre vurderingar av noko regional stenging hjå oss per no.

 

100-meterssoner: Forbodet mot stangfiske etter laks gjeld og i 100-metersona utanfor vassdrag som er ope for laksefiske.

 

Munningsfredningssoner: Forbodet mot stangfiske etter laks gjeld og i munningsfredingssonar utanfor vassdrag som er ope for laksefiske i Vestland.

 

Innlandsfisk: Fleire har spurt om vedtaket om stenging gjeld for innlandsfisk. Stenginga av laksefiske i vassdraga gjeld berre for anadrom strekning, der det går laks.

 

Oppsyn: Bruk SNO si tipsløysning inntil vidare: https://www.miljodirektoratet.no/om-oss/tips-og-varsler/.  

 

Eg har laga ei nettsak om stans i fisket her: https://www.statsforvalteren.no/nn/vestland/miljo-og-klima/fiskeforvaltning/laksefisket-stenger-i-12-vassdrag-i-vestland/.

 

Hugs! Det er stengt for fiske med stong og handsnøre i sjø i heile Vestland. Det vil sei at ein ikkje kan dorge munningsfredingssonar, blant anna.

 

Med venleg helsing

Silje Elvatun Sikveland
seniorrådgjevar